Munch i Vågå

Farsslekta til Edvard Munch budde i Vågå i fleire generasjonar, og i kunstnarens levetid var det nær slekt å finne fleire plasser i bygda. Munch besøkte bygda fleire gonger og let seg inspirere av staden.

Farsslekta i Vågå

Forfedrane til Edvard Munch i Vågå var i utgangspunktet embetsmenn og prestar. Tippoldefar Johan Storm (1712-76), var den første av slekta som hadde tilhald på den historiske prestegarden Ullinsvin i Vågå. Han var prest der i 31 år. Etter han tok oldeforeldra Christine Storm Munch og Peder Munch over som prestefolk, og var i bygda i 10 år (1776-86).

Portrett av oldeforeldra til Munch hang i barndomsheimen til Munch, og med ein far som var ivrig historieforteljar, kan vi tenkje oss at Vågå var eit namn som ofte gjekk att.

Edvard Munch var sjølv klar over at han bar vidare ein arv frå forfedrane sine. I eit notat frå 1933-34 skriv han …I min familie var mange malere og digtere – Min oldemor [….] var søster af Edvard Storm den første måldigter.

Munch var oppteken av korleis nedarva genar formar oss som personar. I perioden 1895 til 1939 drog Edvard Munch fleire gonger til Vågå, det er dokumentert i både brev, notat, skissebøker og gjestebøker. I 1895, då han var 32 år, gjekk han frå Lillehammer gjennom Gausdal over Fronsfjella og vidare gjennom Sikkilsdalen ned til Vågå. Han passerte då Gjende, der søskenbarn til far hans eigde ein liten turiststasjon, «Petterbessa». Med denne staden i tankane har Munch teikna Peer dagdrømmer (1930) til Ibsens skodespel Peer Gynt. På ein av turane til Vågå skreiv han:» Jeg må reise til fjells for å få krefter». 

Munch var oppteken av Vågåkyrkja (frå år 1130), og svært bevisst på slektskapet med Vågå-diktaren Edvard Storm.

Munch skriv til Jens Thiis i 1924: »Nu har jeg reist i flere måneder. Jeg må jo ha fred, det er sandelig ikke lett i dette landet. Jeg må reise fra sted til sted, så aldri noen vet hvor jeg er, for å få fred. Jeg er i Vågå, vet DE at slekten min er der fra?» og «På kirkegården der fant jeg virkelig to gravsteder, både en Munch og en Bjølstad. Det er jo merkelig. Det er kampen mellom disse to slektene som blir til i malerier hos meg».

 

Opplev Edvard Munch i Vågå

Få eit lite innblikk i Edvard Munch si tilknyting til Vågå ved å oppsøkje dei stadene han sjølv besøkte i Vågå.

  • Gå Munch Vandringa i Vågåmo sentrum og lytt til høyrespelet «Oldemors portrett» via lyddusjar langs ruta. Vandringa tek deg innom Vågåkyrkja, til prestegarden, Galleri Ullinsvin og Jutulheimen bygdemuseum.
  • Besøk den vakre Vågåkyrkja (år 1130) som Edvard Munch var svært oppteken av.
  • Følg den historiske vandringa frå Gjende/Bessheim til Vågåmo, gjennom vakre Sjodalen og ned til prestegarden Ullinsvin.
  • Opplev den gjenskapte renessansehagen til til Edvard Munch si oldemor, Christine Storm Munch, og besøk Galleri Ullinsvin, Vågå sitt kunst- og kultursenter.
  • I Ulinsvin kan i tillegg til å oppleve kunstutstillingar og den historiske prestegardshagen, nyte deilige kaker i Cafe Edvard, og ikkje minst få ein smak av oldemor Christine si kjende sitronterte.
  • I prestegardshagen finn og du bysta av Edvard Munch, som studiekameraten Jo Visdal laga av den då 23 år gamle kunstnaren.
  • Utvalde bedrifter i Vågå tilbyr Munch-meny etter inspirasjon frå oppskrifter til Edvard Munch si oldemor, henta fra kokeboka hennar.
  • Besøk Gammel-Kleppe Kulturarvhotell/Stiftelsen Munchpunkt Vågå som bygger opp eit formidlingssenter for korleis Edvard Munch si farsslekt påverka kunstnaren og livet hans. Museumslåven er under utvikling. Les meir.

Vil du lese meir om Munch si tilknyting til Vågå? Ta ein kikk på dette.