Historisk vandrerute

20. juli 1895; Ein varm og fin sumardag, kom Edvard Munch vandrande ned Bakselabakken og skodar utover Vågåvatnet og Vågåmo for fyrste gong. I brev og i skisseboka hans ser ein at Munch reiste frå Gausdal 11. juli og deretter tok turen inn i Fronsfjella og vidare til Vågå».

Ein varm og fin sumardag, kom Edvard Munch vandrande ned Bakselabakken og skodar utover Vågåvatnet og Vågåmo for fyrste gong. I brev og i skisseboka hans ser ein at Munch reiste frå Gausdal 11. juli og deretter tok turen inn i Fronsfjella og vidare til Vågå. Føtene var det naturlege framkomstmiddelet, og det var populært blant unge menn å gå lange fotturar for å oppleve Fjell-Noreg på denne tida. Ulikt mange av dei andre kunstnarane som var på vandring om somrane var det ikkje fjella, men Vågå som var det endelege målet med turen for Edvard. Det var menneska, historiene, slekta, læren om fortida og søken etter identitet.

Opp gjennom oppveksten sto fortelling om familie, slekt og røtene sentralt når far samla Edvard og søskena. Desse stundene, som mest truleg var eit positivt innslag i ein utfordrande kvardag, viser behovet vi alle har for tryggleik, tilknyting og ro. Gjennom naturopplevingane Edvard Munch hadde på veg gjennom vakre Sjodalen, samla han enorm inspirasjon, som vi kan sjå att i skissebøkene og reisenotata hans i tillegg til å gjenoppleva i kunsten hans.

1930: I skisseboka skriv han: «Jeg må reise til fjells for å få krefter.

Det trengs for andre legger beslag på meg.»

 

Traseen gjennom Sjodalen

Den historiske vandreruta har startpunkt på Bessheim (med moglegheit for forlenga rute med start ved Gjendeosen). Vandreruta blir merka og rydda og klar til bruk i løpet av sommaren 2020. Det blir tydelig merking frå Bessheim heile vegen gjennom Sjodalen til Vågåmo, med endepunkt i Ullinsvin. Heile strekka er på om lag 65 km  gjennom fantastisk og variert kulturlandskap. Stigen er tilgjengeleg og farbar til fots sommartid, og på langrennsski om vinteren.

Stigen blir merka med start innerst i Sjodalen ved Bessheim med avstikkar / forlening til Gjendeosen. Munch kom over Øvre Sjodalsvatn med båt til Bessheim, og det er dette som er utgangspunktet for ruta. Den merkes hele veien ned til Vågåmo med Galleri Ullinsvin og prestegården som endepunkt.

Stien knytter saman etablerte opplevingar som Hulderstigen, Stuttgongfossen Naturreservat, Ridderspranget, Blessomkalvkveet, Heimfjellet, Kveom Grenda-stig, Vågåkyrkja, Munch-vandringa i Vågåmo sentrum med høyreespelet «Oldemors portrett» i 3 etablerte lyddusjer og Galleri Ullinsvin med Prestegårdshagen og Cafe Edvard.

Bessheim Fjellstue, Lemonsjø Fjellstue og Hyttegrend, Gammel-Kleppe Kulturarvhotell og Vågå Hotell står klare til å ta imot deg som vandrar. Dei  tek vare på Munch sin lidenskap for det gode «hotell-måltid», og har utvikla ein meny basert på oppskrifter frå Edvard Munch si oldemor, Fru Christine Strom Munch, si kokebok.

Undervegs vil det etter kvart bli tilgjengeleg informasjon frå Munch si vandring på utvaldte stader.  Desse kjem på plass fortløpande. Tekst og innhald blir tilgjengeleg på digitale flater etter kvart. Materiale vil bli tilgjengeleg norsk og engelsk.