Munch-dagen 2020

Program for laurdag 18. juli 2020

20. juli 1895 kom Edvard Munch til Vågå fyrste gongen. Munch hadde vandra frå Lillehammer gjennom Gausdal over Fronsfjella og vidare gjennom Sikkilsdalen. Han oppheldt seg i Gjendeområdet før han vandra ned til skysstasjonen Tronhus i Randsverk, og den 20. juli gjekk han siste etappe frå Randsverk og ned til Vågåmo.

PROGRAM FOR DAGEN, LAURDAG 18. JULI 2020

Munch-vandring på eiga hand. Gå i Edvard Munch sine fotspor i Vågå og lytt til høyrespelet «Oldemors portrett» i dei tre lyddusjane undervegs. Vandringa startar ved lasaronstolpen i Vågå sentrum. Bruk gjerne tid i Galleri Ullinsvin og i den historiske prestegardhagen med byste av Edvard Munch etter vandringa. I Cafe Edvard kan du nyte Fru Christine si sitron-terte og andre gode kaker i opningstida 11.00-17.00.

13.00
Munch-lunsj i Bessheim inspirert av Edvard Munch si oldemor Christine Storm Munch. I 1895 vandra Munch gjennom Sjodalen og kom til Vågåmo 20. juli. Pris: 300,- kr p.p. Førehandsbestilling direkte til post@bessheim.no eller tlf. 61 23 89 13 innan torsdag 16. juli 2020.

15.30
Gå i Edvard Munch sine fotspor i Vågå saman med guide Johan Storm Munch. Her får du
historia rundt Munchs tilknyting til Vågå. Oppmøte ved Lasaronstolpen. Vandringa blir avslutta i Ullinsvin. Pris: 50,- betalast ved oppmøte.

18.00
Munch-historie i ord og tonar i Vågåkyrkja
Johan Storm Munch held kåseri om  «Munchane i Vågåkyrkja».

Vegar Vårdal, Bjørn Kåre Odde og Vegard Moshagen har sett saman ein konsert basert på notar frå Edvard Munch sin barndomsheim.  Dei nyttar fele, bratsj og tangentar i ulike kombinasjonar i sjangrane folkemusikk, klassisk og jazz. Pris: 200,- kr p.p. Avgrensa tal på billettar. Førehandssal av billettar hjå Vågå kommune og e-billett på www.vaga.kommune.no.

20.00
Middag med Munch-meny på Vågå Hotell. Etter konserten tar du turen til Vågå hotell og får servert ein Munch-middag. Pris: 345,- kr p.p. Førehandsbestilling direkte til Vågå Hotell, post@vagahotel.no eller tlf. 994 92 535 innan fredag 17. juli 2020.
På grunn av COVID-19 er det nødvendig med førehandssal av billettar og førehandsbestilling av mat. Vi ynskjer å gje alle ei god oppleving og ein smak av Edvard Munch si tilknyting til Vågå denne dagen. Vi følgjer dei nasjonale retningslinjene for smittevern. Kom i god tid til arrangementet i Vågåkyrkja. Har du ikkje kjøpt billett på førehand, må kontaktinformasjon registrerast ved inngangen samtidig med billettkjøp.


Arrangør: Vågå Kommune og  Stiftelsen Munchpunkt Vågå  i samarbeid med bedriftene i det lokale Munch-nettverket.


www.munchivaga.no